tirsdag 12. oktober 2021

Kven vert årets matkulturbloggar ved Høgskulen i Volda?

No er det to blogginnlegg igjen å presentere og deretter er det duka for bloggfinale Dette er vår eiga interne kåring av årets matkulturbloggar og dei beste bloggane i ulike kategoriar.  

Dette skjer på den siste samlinga før jul og alle studentane skal stemme anonymt. Utdeling av premiar, heder og ære skjer under julemiddagen på fredag

Husk at de heile tida kan endre på bloggen, både tekst og bilder for å gjere den bedre. 

Bloggpremiar hausten 2021. Foto: Kari Ryslett.

Kategoriane er:

1. Beste blogginnlegg om sylting, safting og hermetisering
2. Beste blogginnlegg frå familiedagen på Haualeite
3. Beste blogginnlegg om takke- og tradisjonsbakst til julehøgtid
4. Beste blogginnlegg om konservering av kjøt
5. Årets matkulturbloggar

Kriteria er: gode bilde, lesbar tekst, bra faglig nivå og rett og slett di subjektive meining om korleis som er eit ryddig, kjekt og fint blogginnlegg ser ut!

Kven kan stemme? Alle studentane skal stemme anonymt på alle kategoriane, Lærarane Kari og Erik har dobbeltstemme.

Husk på at når bloggane din er vurdert, er den din eigedom. Du kan slette bloggen, endre den, vidarutvikle den eller lage deg ny blogg. Eg foreslår at fagbloggen kan ligge att på internett som eit digitalt spor etter deg. Kanskje fagbloggen kjem deg til nytte ein dag?

Beste helsing Kari Ryslett

fredag 27. august 2021

Velkommen til Mat, kultur og konservering hausten 2021

Det er kjekt med nye studentkull på Mat, kultur og konservering og i år vart det ein liten skikkelig fin gjeng som var samla på kjøkkenet. Takk til alle for ei trivelig samling med safting, sylting og hermetisering  på det splitter nye undervisningskjøkkenet ved Høgskulen i Volda.

Studentar ved Mat, kultur og konservering, hausten 2021. Foto: Kari Ryslett.

No har alle fått bloggadresse og de vert etterkvart godt kjende med verktyet. På din blogg kan du skifte layout, heading, fargar og finpusse på din profil. Det viktigaste du skal gjere fagleg er å lage ein tekst med kjeldetilvisningar og å sette inn bilder eller film. Den kan vere lurt å skrive teksten i Word og samle saman bilda eller lenkene. Når alt er klart set saman i bloggverktyet og publiserer blogginnlegget ditt.

Husk at bloggen er din, du bestemmer utforming, bilder, tekst og har kontroll på ditt kommentarfelt –dersom du ikkje likar ein kommentar så slett den. 

Lykke til med produkta som du skal konservere og dokumentere fagleg på bloggen din!


Beste helsing emneansvarleg Kari Ryslett